Gunvor Slaatto har skrevet et åpent brev til helseministeren og folkehelseministeren. Slaatto holdte blant annet apell under markeringen 8. september ved Eidsvolls plass, med temaet "NVE og folkehelse". Foto: Privat

"Visuell forsøpling og drapsmaskiner for storfugl og insekt"

Skrevet av Gunvor Slaatta
06.11.2019 19:38

Det er både merkverdig og klandreverdig når Helse og omsorgsdepartementet (HOD) svarer «Vi har ingen kommentarer til saken» i høyringa for «Ramme for nasjonal vindkraft». Merkverdig fordi Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) bruker HOD som faginstans. Klandreverdig fordi vindturbinindustri rammar folkehelsa sterkt. Eg spør om helseminister Bent Høie og Folkehelseminister Sylvi Listhaug, er vakne? Ministrane kan ikkje ha unngått å få med opprøret fordi natur blir øydelagd. Eg har forståing for at helse ikkje er deira fagfelt, men dei har full tilgang til kompetente fagfolk.

Sett frå min ståstad som helsearbeidar i over 40 år, no pensjonist og vindkraftaktivist, vil eg gjerne vite:

  • Forstår ministrane sorga over at vår identitet, folkesjela, er under angrep
  • Forstår dei kor provoserande det er at styresmakter, storfinansen og vindkraftindustrien påstår at natur må ofrast for å betre klimaet?
  • Forstår dei sinnet over at styresmaktene tek parti for interessene til vindkraftutbyggarane?

Folkesjela

Natur er ein verdi i seg sjølv og føresetnaden for alt liv, inkludert vårt eige. Vi knytter oss til naturen som ein verdifull del av vår kultur, med identitet og livskvalitet.

Når naturen blir angripen, blir vi óg angripne. Vindturbinindustrien sprenger seg fram: Fjell, skogsområder, berg, knausar, myr, bekkefar, vatn, mose, reir og dyrs trekk- og beiteområde vert høvla ned. Naturens eige skaparverk blir omdanna til grelle skjæringar med grushaugar og fyllingar for vegar til å frakte monsterturbinane og for oppstillingsplassar som ein halv fotballbane. Turbinane er visuell forsøpling og dei er drapsmaskiner for storfugl og insekt. Mange av oss kjenner det i kroppen og innerst i sjela.

Folk i industriområda må leva med plagsam støy frå anlegga. Den varierer med
landskapsform og vindtilhøve. Den kjem som bulder, brak og svisjelydar. Lys- og
skuggekasting opplevest som om lyset blir slått av og på. Den farlege infralyden er ikkje eit definert helsetema her til lands. Risiko for iskast vinterstid. Fare for å forureine drikkevatn frå mikroplast, avising og havari. På Harbaksfjellet, Fosen, rann 800 liter diesel rett ut i terrenget. Det har nyleg vore brann i anlegget på Fitjar. Klart at slikt er grunnlag for frykt.

Sanseinntrykk som heilskap er det som gir den unike naturopplevinga; det vi ser, høyrer og kjenner. Stillheit, ikkje misnt. Derfor er det særleg dramatisk at vindkraftanlegg breier seg over store område. Dermed rammar dei der vi bur, driv næring, ferierer eller ferdast. Eit hjartesukk frå ein naturelskar lyder slik: «En kjenner seg fysisk dårlig rett og slett. Tapene av natur er noe en egentlig ikke tåler.»

For turistnæringa kan vindindustrien få store konsekvensar. Ein turistvert i Gaular seier det slik: «Opplevinga her er så knytt til landskapet at det er ikkje vits i å drive med turisme om synsfeltet er dekt av vindturbinar.»

Når NVE i konsesjonssøknader vurderer fordelar opp mot ulemper, skal Forskrift om
konsekvensutredninger ligge til grunn. Friluftsliv er her eit sentralt tema der, utan at NVE tek særleg omsyn til det. Her er NVE på kollisjonskurs med helseinstansar og burde bli korrigert. Det er berre å konstatere det vi veit, tilgangen til friluftsområde har eigenverdi, er helsefremjande og er ein viktig ingrediens for god livskvalitet og god helse.

Natur og klima

Å forstyrre naturens økosystem med tap av artsmangfald og areal, er å forstyrre sjølve
livsgrunnlaget. FNs klimapanel og FNs naturpanel er samstemde om at tap av natur er ein like stor trussel som klimaendringar. Like fullt lever myten om at natur må ofrast for å betre klimaet. Så vel styresmaktene, storfinansen og vindindustrien held hardnakka fast på denne påstanden. Ikkje berre det. Dei påstår at vi har dårleg tid og at vindkrafta derfor trengst for at vi ikkje skal havne utfor klimastupet, som ei «panikksatsing» å rekne.

Det blir påstått at vindkraftenergien er rein, «grøn». Ser ein på totalrekneskapen, er det så klart ikkje sant. Tvert imot sit vi att med eit minusresultat når alt er inkludert, både samfunnsøkonomisk, kostnader knytta til sjølve industrien og til miljøtruslar. Ta med den særs råvarekrevande produksjonen, med utvinningsprosessar og produksjonstilhøve vi helst let att augene for, dieseldreven langtransport, behov for veganlegg og oppstillingsdplassar med fyllmasse og tonnevis med betong, ustabil i drift, forureining og risiki i fleng, avising ved bruk av helikopter, til no ingen løysing for gjenvinning eller definert avfallshandtering anna enn eigne «turbin-gravplassar». Til overmål, ei levetid på kun 20-25 år, i beste fall.

Alt dette vil virke negativt på økosystemet. Ikkje berre i vindkraftområda, men globalt
fordi vi pustar inn den same lufta og lever på den same kloden. Sanninga er at vi står att med eit negativt rekneskap for natur og klima. Så viss vindkraftindustri er rein på noko, er det på rein bløff og finansakrobatikk. Tru om fortvilelsen, sorga, avmakten eller opprøret, er forståeleg for helseministeren og folkehelseministeren? Er det forståeleg at slikt går på helsa laus for mange?

Interesser

Vi ser mektige investerorar og vindturbinindustri, nasjonalt og internasjonalt, på jakt etter store pengar. Utbyggarar er aggressive for å skaffe seg tilgang i kystlandskap og innland. I fase null i konsesjonsprosessen, oppsøkjer utbyggar grunneigarar. Ingen andre enn dei direkte involverte får innsyn. Til og med må grunneigar garantere for at avtalen skal haldast hemmeleg. Kommunar prøver dei å lokke. Undervegs har utbyggar god kontakt med NVE, slik til dømes Freyr-gründer Torstein Dale Sjøtveit forsikrar om når det gjeld Sjonfjellet.

Å verne natur gjeld ikkje for vindkraft. Vern av myr, raudlista kystlyng, smølalirypa, ørn, hubro blir klassifisert som «ikke vesentlig» e.l når fordelar skal vegast opp mot ulemper. Det må vera ein spøk at det i konsesjonsvilkåra heiter at naturen skal tilbakeførast til sin opprinnelege form. Tilbakeføre urørt natur til opprinneleg landskap, flora og fauna, liksom?

Industrikreftene har full støtte frå våre styresmakter, med NVE som konsesjonsgivar.
Statlege garantiar gjeld heilt fram til 2035 og dei blir subsidierte på uike måtar, både frå statskassa og oss straumkundar. Forvaltningslova, energilova og naturmangfaldlova er blant lovene som blir brotne. Ja, også Grunnlova. Det er ei gåte korleis styresmaktene så einsidig kan heie på vindkraftindustrien. Å vera vitne til at natur blir rasert på grunnlag av falske påstandar, er ei stor påkjenning for mange av oss. I kjølvatnet følgjer tapsoppleving og sorgprosessar. Sett frå samfunnet sine interesser, er det eit paradoks at våre styresmakter driv ein politikk som medfører uhelse for altfor mange. Dei same styresmaktene får kostnadene i fanget når helseskadene er eit faktum. I eit fellesskapsperspektiv, er dette både uakseptabelt og umoralskt. Tru om det er forståeleg at vi kjempar ein rettferdig kamp mot naturøydeleggingane? Kor har NVE mandatet sitt frå? KVEN har gitt, og gir, slike fullmakter?

Helseminister Bent Høie og folkehelseminister Sylvi Listhaug: Har de fortsatt «Ingen
kommentarer»?

Debatt
Vefsn No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.