Gaute Eiterjord, leder for Natur og Ungdom, påpeker at tillatelsen til å lete etter olje ved Trænarevet ble gitt av regjeringen, og tillatelsen til å bore ble gitt i sommer, med en Venstre-statsråd som miljøvernminister. Foto: Jørgen Næss Karlsen, Natur og Ungdom.

"Regjeringas vedtak gir oss ikkje noko anna val enn å aksjonere"

Regjeringa svikter Trænarevet!

Nordland Venstre skriver i Vefsn No at ansvaret for oljeboringa ved Trænarevet ligg på den raudgrøne regjeringa og at dersom klima- og miljødepartementet hadde stansa boringa ville vore det eit ”ulovleg vedtak”.

Dette er ein svart dag for miljøet. På trass av miljøfaglege råd om å ikkje bore olje ved Trænarevet, blir klagene frå Natur og Ungdom, Bellona og Norges Kystfiskarlag avslått av klima- og miljødepartementet. Lofotrådet og Sjømatbedriftene har også protestert kraftig.

Måndag 28. oktober har klima- og miljøminister Ola Elvestuen og andre Venstre-politikar peika på at det var ei tidlegare regjering som opna dette området for oljeverksemd i 2011. Men løyve til å leite etter olje blei gitt av denne regjeringa og dåverande olje- og energiminister Terje Søviknes frå Frp. Søknaden om å bore kom i sommar på Ola Elvestuens vakt. Ansvaret for å vurdere boresøknaden frå Wintershall Dea har lege på den nåverande regjeringa.

Situasjonen er heller ikkje den same som i 2011. Det har kome ny kunnskap om kor sårbart dette området, og i prosessen med å lage ny forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten er det til og med føreslått som eit aktuelt særleg verdifullt og sårbart område. Stortingsfleirtalet har også gått mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. FNs naturpanel og klimapanel har kome med rapportar som viser at det hastar meir enn nokonsinne med å ta vare på klimaet og naturen.

Det er ikkje ulovleg å avslå ein boresøknad når det er gode grunnar til det. Går ein tilbake til 2001 var det også akkurat det som skjedde då Hydro hadde planar om å bore utfor Røst. Arbeidarparti-regjeringa lytta til klagene frå Natur og Ungdom, Bellona og Fiskarlaget og stansa boringa. Og dette var altså ei rein AP-regjering.

I den alvorlege situasjonen miljøet vårt er i nå er uansett det siste me treng at politikarane skyv ansvaret over på kvarandre og ror seg unna. Me treng dei som vil ta vare på havet vårt!

Venstre-politikarar seier i dag at dei vil fortsette kampen mot vidare oljeproduksjon dersom det kjem til stykke. Norsk oljehistorie viser dessverre at dersom det blir gjort funn er det nærmast ei naturlov at det blir bygd ut. Derfor må boringa stansast nå.

Oljeriggen West Hercules er på veg mot Trænarevet nå, men ikkje framme før onsdag. Den kan ennå stansast av regjeringa. Viss ikkje er Bellona og Natur og Ungdom klare til å aksjonere. Det er ganske absurd at me må ta ansvaret for å beskytte eit av våre viktigaste havområde, det burde vore klima- og miljøministerens jobb. Men regjeringas vedtak av i dag gir oss ikkje noko anna val enn å aksjonere.

Les også:

Debatt
Vefsn No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.