Opposisjonen blir godt representert på utdanningskonferansen på nesna, men Henny Myklebust etterlyser representanter fra regjeringspartiene. Foto: Roger Marthinsen

Etterlyser representantar frå regjeringspartia

Skrevet av Jenny Myklebust, leiar for Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland
29.10.2019 17:00 - OPPDATERT 30.10.2019 06:01

Etterlyser representantar frå regjeringspartia på viktig Utdanningskonferanse på Nesna

Vi i Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, gler oss til vår tredje konferanse på Campus Nesna, torsdag 31 okt. frå kl. 12-17. Med denne konferansen stiller vi det viktige spørsmålet «Kven tar den regionale høgskulen si rolle og samfunnsmandat?» Spørsmålet går rett inn i den sentrale diskusjonen om struktur i høgare utdanning. Korleis skal kommunane kunne rekruttere kompetansen dei treng? Å legge ned ein viktig bærebjelke som Campus Nesna, i ei tid der vi manglar 900 lærarar og 600 sjukepleiarar i Nordland, er svært alvorleg. 

På konferansen har vi eit flott program med innlegg frå dyktige fagfolk, forskarar, og viktige politikarar frå Utdanningskomiteen. Vi planlegg utdanningspolitisk paneldebatt. Opposisjonen er godt representert, men vi har jobba hardt for å få representantar frå regjeringspartia til å stille til debatten. Dette har vi så langt ikkje lukkast med. Det er svært viktig for oss at alle partia er representerte. No ber vi til desse partia, om at dei kan finne nokon som kan stille, for å få fram deira syn i saka. Om vi ikkje får regjeringspartia representert i debatten, vil dette sende uheldige signal. Det er viktig for tilliten til diskusjonen. Det er stadig etterlyst at distriktet saknar regjeringa si stemme. Her har regjeringspartia moglegheit til å kome i dialog med folk på Helgeland. 

Representantforslaget om ei desentralisert høgare utdanning for kvalitet, velferd og berekraftige lokalsamfunn, skal no opp i Stortinget. Det skal lagast innstilling i saka den 5. november og vedtak fattast den 12. nov. Det blir frykteleg spanande i dagane framover. 

Debatt
Vefsn No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.