"Den dagen eg høyrde at lærarutdanninga på Nesna skulle leggjast ned, vart eg fysisk uvel"

– Dei lærarane som er utdanna i byen vil i langt mindre grad enn lærarar utdanna i Nesna, søka seg til skulane på Helgeland, og dei vil mangla den kompetansen som dei små skulane i grisgrendte strok treng, skriv Kristoffer Melheim.

NESNA - lærarutdanning for distrikta

Den dagen eg høyrde at lærarutdanninga på Nesna skulle leggjast ned, vart eg fysisk uvel og tenkte at dei  som har bestemt det ikkje har forstått at me skal utdanna lærarar og ikkje produsere fiskebollar. I produksjon av fiskebollar, kan det svara seg å produsere alle boksane på ein stad for alle fiskebollane er like og lett å transportere.

Når ein skal utdanna lærarar er det mykje meir komplisert. Eg skal ikkje bestrida at det kan vere billegare å produsere 30 eller 60 lærarar for året i Bodø ved å fylla opp klassar og grupper der, og fagvalet vil vere større. Men dei lærarane som er utdanna i byen vil i langt mindre grad enn lærarar utdanna i Nesna, søka seg til skulane på Helgeland, og dei vil mangla den kompetansen som dei små skulane i grisgrendte strok treng.

Når det gjeld dokumentasjon på at dei som er utdanna i byar ikkje vil søka til distrikta, finst det rikeleg med statistikk som bekreftar det. Eg kan nemna at ein av grunnane til det ligg i innhaldet i utdanninga og ikkje nødvendigvis er staden dei tok utdanning.  Eg får kvart år spørsmål frå ein eller fleire lærarar som ber om hjelp fordi dei skal undervisa i klassar med fleire årskull og stor aldersblanding. Eg byrjar alltid svaret med at aldersblanding ikkje er noko problem, men ein ressurs. Har eg tid og overskot skriv eg kvifor aldersblanding er ein ressurs, elles viser eg til bøker eg har skrive og  nettsida til LUFS.

Sidan eg er pedagog og i 40 år hardrive lærarutdanning i eit distrikt med mange små skular og har etter beste evne, innafor dei rammer som lærarutdanninga har gjeve rom for, prøvd å førebu lærarstudentane for arbeid i distrikta, skal eg konsentrere meg om kva kompetanse ein distriktslærar treng, og som lærarutdanning i byane ikkje gir. 

At lærarutdanning i byane ikkje tek ansvar for å utdanna lærarar til distrikta fekk dokumentert då eg nyleg las ei masteroppgåve frå Tromsø der ein student skreiv om lærarutdanning og fådelte skular. Ho byrja med å konstatere at korkje ho, medstudentar  eller dei studentane frå andre høgskular som ho hadde intervjua, hadde høyrt eit einaste ord om fådelt skule i si 5-årige masterutdanning.
Kva kompetanse treng ein lærar i ein distriktsskule?

1.   Breid fagkompetanse. På ein lite skule vil det vere færre lærarar enn på ein stor skule og ein lærar må undervise i mange fag.

2.    Kunnskap om aldersblanding.  At aldersblanding er ein ressurs og ikkje eit problem er det viktig å ha både forståing for og innsikt i. Professor Edvard Befring seier det slik: ”Aldersblanding framstår som eit personleg utviklande og holdningsskapande pedagogisk bidrag for dei eldste, og som ein tryggleiksskapande og identifiserande ressurs for dei yngste.”

3.   Kunnskap om utarbeiding av rullerande planar og fagplanar for fleire årskull.  På ein lite skule vil det gå fleire årskull i same klasse, då bør det i så mange fag som mogleg utarbeidast rullerande fagplanar. I fag som ikkje er reine progresjonsfag (t.d. samfunnsfag, krl) ligg det godt til rette for det. Men også i reine progresjonsfag som matematikk og språkfag vil det vere mange felles tema i ulike årsplanar og desse bør leggjast på same tid. Elevar i fleire årskull kan då arbeide med same tema på same tid, og  det vil høva godt inn i nye læreplanar med vekt temaarbeid.

4.   Kunnskap om nærmiljøet som ressurs for læring.  Opplæringa bør ikkje lausrivast frå det nærmiljøet som elevane veks opp i. Kunnskap om korleis det nære samfunnet kan innarbeidast i læreplanar og den daglege undervisninga er spesielt viktig i distrikta for at ikkje felleskulen skal bli livsfjern for elevane. I alle nærmiljø finst rikeleg av læringskjelder og i ei oversiktleg bygd er dei lett tilgjengelege.

[annonse]
Konkludereande vil eg hevde at lærarutdanninga på Nesna er heilt avgjerande for at Helgeland skal få kvalifiserte lærarar i åra framover, og Nesna vil også kunna utdanna lærarar som har den kompetansen Helgelandsskulane treng.  
 
 
 
 

Debatt
Vefsn No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.